Den gamle løa på Håjen er pynta til jul og klar til å ta i mot julegjestar. Kvar søndag og ein laurdag før jul dekker vi til buffe i restauranten. På bordet står det tradisjonell julemat laga på gamlemåten:

Pinnekjøt av lam frå garden, urtekrydra svineribbe, Håjen julepølse, heimelaga medisterkake, rotstappe, surkål og potet. I menyen inngår også lutefisk om du ønsker det. På dessertbordet finn du riskrem, karamellpudding og julekaker laga på familiens oppskrifter. Sjølvsagt med rykande varm kaffi!

Vi har også open julebutikk, der du kan handle lokalmat og gåver til jul.

Opningstider jula 2017

Søndag 19. november kl. 14. – 18.00

Søndag 26. november kl. 14. – 18.00

Laurdag 2. desember kl. 19 – 23.00

Søndag 3. desember kl. 14. – 18.00

Søndag 10. desember kl. 14. – 18.00

Søndag 17. desember kl. 14. – 18.00

Prisar

Vaksen 440,-

Barn 1 – 6 år 100,-

Barn 7 – 13 år 210,-

Vi tek også i mot grupper for servering utanom opningstidene. Minimum ti personar.