Bak god julemat ligg godt handverk

Om vi spør kva juletradisjonar som er viktigast for deg, er det store sjansar for at du nemner maten. Kanskje må sirupsnippane og krumkakene vere i boks før du kan senke skuldrane, kanskje må lukta av mors pinnekjøt fylle huset før julestemninga omsider kjem?

Vi er også opptatt av god julemat. Det har vi vore her på Håjen så lenge vi hugsar, og vi brukar oppskrifter som har gått i arv i generasjonar. Då veit vi at vi får rette smaken av tradisjonell jul. For å få til det, må vi legge sjela vår i matlaginga; kjevle, røre, stappe, steike, koke, krydre, hakke, pynte, dekke og servere. Julemat med høg kvalitet krev gode råvarer og eit solid handverk.

Når vi dekker julebuffeen på Håjen Kafe, er det med pinnekjøt av lam frå garden, urtekrydra svineribbe, Håjen julepølse og medisterkaker, rotstappe, surkål og potet, lutefisk om du ønsker! ­– alt tillaga her på garden. På dessertbordet står det riskrem, karamellpudding, hermetiske plommer og kjende, kjære julekaker laga på familiens oppskrifter – sjølvsagt med nytrakta kaffi til. I julebutikken vår kan du handle med deg ekstra god mat til jula, eller kanskje nokre julegåver?

Vi vil at du skal senke skuldrane når du trer inn i den julepynta, gamle løa vår. Nyt utsikta av snødekte toppar, forsyn deg av den bognande julebuffeen og nyt måltidet saman med venner og familie. Og kjenn på at jul er godt!

Velkommen til jul på Håjen!

Beste helsing frå Else, Helga & Ludvik.

Kvar søndag før jul og laurdag 2. desember serverer vi julebuffe på kafeen. Bestill gjerne bord på førehand.