Besøk Frammarsvika i påska

Eit måltid smakar sjeldan betre enn etter aktivitet i friluft. Håjen kafe er omkransa av mange fine løyper, både rusleturar i fjøra og toppturar på ski.

Frå Håjen og ned til fjøra brukar du knapt eit kvarter. Anten du vel traktorvegen eller grusvegen, tek dei deg til lukta av sjø, gamle naust og utsikt mot holmane, Heilefjellet og Storehesten. No som våren er i anmarsj, er det ekstra fint å rusle rundt i Frammarsvika og sjå alt som spirar og gror.

Arekletten og Bunestølen

Bak Håjen finn du ein skogsveg som er utgangspunkt for fleire fine turar. For dei minste held det kanskje å gå opp til elva og sjå fossen som brusar, men om du vil ha riktig flott utsikt anbefaler vi deg å gå mot Arekletten og vidare oppover mot sjarmerande Bunestølen.

Areklettnova

Om du vil ha endå finare utsikt, litt puls og raske høgdemeter, kan du sikte den inn mot Areklettnova . Hugs gode sko, for snøen ligg truleg nokre veker til oppe i høgda.

Blåfjellet 791 m.o.h.

For deg som vil ha deg ein skikkeleg topptur før maten, kan vi anbefale Blåfjellet. Du kan bære skia frå Håjen, eller du kan køyre til Bunestølen og starte på 270 m.o.h. (Då tek du av mot Øvrebø ein god kilometer før Frammarsvik). Første del av turen går på skogsveg med litt bratte vegar. Vidare variert stigning opp til Frammarsvikstølen, før du går nordvest mot Blåfjellet. Her ventar havutsikt på klårversdagar og ei fin nedkøyring.

Spør oss gjerne om råd. Og god tur!

Her finn du opningstider og menyen for påska.

 

Fjæra i Frammarsvika

Areklettnova

Utsikt frå Håjen

 

Blågjellet 791 m.o.h.