Håjen inngår samarbeid med Naustdal Dampbakeri

Frå og med fredag 23. mars finn du takkebakst frå Håjen i Naustdal Dampbakeri sine utsal.

Det er gledeleg å melde at vi har inngått samarbeid med Naustdal Dampbakeri, kjend for kvalitet og lange tradisjonar. Frå no av får du kjøpt Sunnfjordlefse og Fiskebrød som frysevare, samt Håjen flatbrød i dei kjende trekantøskjene. Alt handlaga i Håjen sitt eige bakeri.

Varene får du tak i i utsala til Naustdal Dampbakeri på Sandane og i Florø, samt i Hafstadgården og på bakeriet i Førde.

Det er spesielt gledeleg at våre faste kundar i Florø og på Sandane, som handlar hos oss på marknad og torgdagar, no kan få tak i takkebakst frå Håjen når dei ønsker det.

Takk til Naustdal Dampbakeri som satsar på lokale leverandørar i tillegg til eigne varer. Vi gler oss til samarbeidet!

 

Vil du vite meir om bakeriet vårt og varene vi produserer der?  Les meir om det her

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *