Opningstider sommaren 2018

Måndag – fredag 13.00 – 17.00

Nyt smaken av heimelaga suppe, ferske smørbrød, kaker, tradisjonsbakst eller vår eigen Håjen iskrem til utsikta av Frammarsvika i full blomstring! I heile sommar tilbyr vi smårettar og kaffimat på dagtid, og torsdag og fredag kan du handle med deg fersk bakst frå bakeriet vårt. Torsdag får du kjøpt rykande fersk tradisjonsbakst, medan fredagen er den store brødbakedagen. Surdeigsbrød, urtebrød, havrebrød, rundstykke og kanelknutar er noko av det som kjem ut av bakaromnen.

Kvar dag har vi også eit variert utval syltetøy, heimelaga is, tradisjonsbakst, flatbrød og anna lokalmat i vårt vesle utsal.

Søndagskafe 13.00 – 18.00

I heile sommar har vi open søndagskafe med ein variert meny basert på lokale råvarer. Vi serverer både kjøt, fisk, salatar, gryter og eigen barnemeny. Reserver gjerne bord på 578 18260.

Turar i området

Kombiner gjerne kafebesøket med turar i nærområdet. Her finn du fleire merka stiar, både korte og lengre turar. Felles for dei alle er smellvakker natur og stor matlyst når du kjem ned att.

Frå parkeringsplassen vår kan du gå til både Bunestølen, Holmesetstølen, Areklettnova, Frammarsvikstølen og Blåfjellet. Andre fine turar i nærleiken er desse:

Mortensbakke – Naregga

Tre turar frå Kringla

Sykkeltur til Russeneset

Og mange, mange fleire…

Matlevering og lokale

Hugs at vi også tilbyr matlevering,  møtelokale og selskapslokale på bestilling. Sommaravslutning eller stor feiring? Kontakt oss for meny og opplegg!