Tur + mat = sant

Kva er vel betre enn å kombinere ein fin tur med eit godt, lokalt måltid? Håjen er omkransa av flotte turstiar, og du kan gå fleire av dei frå parkeringsplassen vår.

Lat oss begynne med dei kortaste turane. Frå Håjen og ned til fjøra brukar du knapt eit kvarter. Anten du vel traktorvegen eller grusvegen, tek dei deg til lukta av sjø, gamle naust og utsikt mot Førdefjorden, holmane, Heilefjellet og Storehesten. Set deg på brygga, ta av skoa, dypp beina i fjorden og nyt at det er sommar!

Arekletten og Bunestølen

Bak Håjen finn du ein skogsveg som er utgangspunkt for fleire fine turar. For dei minste held det kanskje å gå opp til elva og sjå fossen som brusar, men om du vil ha riktig flott utsikt anbefaler vi deg å gå mot Arekletten og vidare oppover mot sjarmerande Bunestølen. Omlag ein halvtime å gå.

Areklettnova

Om du vil ha endå finare utsikt, litt puls og raske høgdemeter, kan du ta ein avstikkar opp mot Areklettnova. Frå den vesle steinbenken på toppen har du nydeleg utsyn mot dei omliggande fjella, fjorden og Frammarsvika i knallgrøn sommardrakt.

Holmesetstølen

Denne er fin om du vil ha deg ein akkurat passeleg lang tur, og den passar bra for barn. Frå parkeringsplassen brukar du ein liten eller ein god time, alt ettersom form og alder. Følg skogsvegen frå Håjen, fortset på grusveg til du kjem til Bunestølen. Her tek du til høgre og følgjer stien mot Holmesetstølen.

Frammarsvikstølen og Blåfjellet 791 m.o.h.

For deg som vil ha deg ein skikkeleg tur før maten, kan vi anbefale Frammarsvikstølen, eller å gå vidare på topptur til Blåfjellet. Du kan gå frå Håjen, eller du kan køyre til Bunestølen og starte på 270 m.o.h. (Då tek du av mot Øvrebø ein god kilometer før Frammarsvik). Første del av turen går på skogsveg med litt bratte vegar. Vidare variert stigning opp til Frammarsvikstølen, før du går nordvest mot Blåfjellet. Her ventar havutsikt på klårversdagar.

Turar i området

Andre fine turar i nærleiken er desse:

Mortensbakke – Naregga

Tre turar frå Kringla

Sykkeltur til Russeneset

Og mange, mange fleire…

Spør oss gjerne om vegen. Og god tur!

Opningstidene våre finn du her. 

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *